Arbeidskrav 1: Fagdidaktikk, blogg og nettverkskompetanse
Undervisningsopplegg
Klassetrinn: vg2 Sal, service, sikkerheit
Fag: Prosjekt til fordjuping
Timar: 6 timar
Rammer:
Totalt har klassen 9 timar/veke i faget Prosjekt til fordjuping, dette
er fordelt med 6 t/v på underteikna og 3
t/v på annan lærar. Dei seks timane som
eg har brukast til
·
førebuing til val av praksisplass
·
tolking av kompetansemål frå læreplan på vg3 –
aktuelle læreplanar på vg3 er salsfaget, kontor- og administrasjonsfaget og
sikkerheitsfaget.
·
Utarbeiding av lokal læreplan – kvar elev skal
utarbeide eigen læreplan i det faget han ønskjer å prøve ut (sjå kulepunkt
over)
·
Yrkespraksis i valt bedrift – alle elevar har
fått praksisbedrift i lokalmiljøet , 2 elevar innan kontor- og adm.faget og 8 elevar
innan salsfaget
·
Yrkespraksis kvar fredag (6 t) i 10 dagar i
termin 1 og 10 dagar i termin 2
Kompetansemål/formål:
Elevane skal ha muligheit til å få erfaring med innhald, oppgåver og
arbeidsmåtar som karakteriserer dei ulike yrka innan utdanningsprogramma.
Innhald
·
Sjå videoen under (Service i sentrum) om lærefag innan service og
samferdsle.
·
Første praksisdag hos lærebedrift: presis oppmøte, møte kontaktperson i bedrift,
gjere godt inntrykk
·
Levere/gå igjennom perm som innheld
o
Kontrakt m/bedrift
o
Eigen læreplan – drøftast og evt. endre på
kompetansemål
o
Oversikt over feriar/andre gjeremål
·
Sjølve arbeidsdagen
·
Skrive logg i etterkant (korleis opplevde du det første møte m/arbeidsgjevar,
fekk du vist læreplanen din, kva gjorde du, kva kompetansemål kan
arbeidsoppgåvene knytast til)
· bruk bloggen din for å legge ut logg for første praksisdag

Flott Ragnhild! Dette var eit god organisert opplegg, og det er motiverande for elevane at det skjer via bloggen.
SvarSlettTrur det kan vere lurt at elevane brukar sin eigen blogg for å legge ut loggen sin. Då blir dei meir opptekne av formen, innhaldet og rettskrivinga sidan dei veit at andre kan gå inn å lese det dei har skrive.