Arbeidskrav 1: Fagdidaktikk, blogg og nettverkskompetanse
Undervisningsopplegg
Klassetrinn: vg2 Sal, service, sikkerheit
Fag: Prosjekt til fordjuping
Timar: 6 timar
Rammer:
Totalt har klassen 9 timar/veke i faget Prosjekt til fordjuping, dette
er fordelt med 6 t/v på underteikna og 3
t/v på annan lærar. Dei seks timane som
eg har brukast til
·
førebuing til val av praksisplass
·
tolking av kompetansemål frå læreplan på vg3 –
aktuelle læreplanar på vg3 er salsfaget, kontor- og administrasjonsfaget og
sikkerheitsfaget.
·
Utarbeiding av lokal læreplan – kvar elev skal
utarbeide eigen læreplan i det faget han ønskjer å prøve ut (sjå kulepunkt
over)
·
Yrkespraksis i valt bedrift – alle elevar har
fått praksisbedrift i lokalmiljøet , 2 elevar innan kontor- og adm.faget og 8 elevar
innan salsfaget
·
Yrkespraksis kvar fredag (6 t) i 10 dagar i
termin 1 og 10 dagar i termin 2
Kompetansemål/formål:
Elevane skal ha muligheit til å få erfaring med innhald, oppgåver og
arbeidsmåtar som karakteriserer dei ulike yrka innan utdanningsprogramma.
Innhald
·
Sjå videoen under (Service i sentrum) om lærefag innan service og
samferdsle.
·
Første praksisdag hos lærebedrift: presis oppmøte, møte kontaktperson i bedrift,
gjere godt inntrykk
·
Levere/gå igjennom perm som innheld
o
Kontrakt m/bedrift
o
Eigen læreplan – drøftast og evt. endre på
kompetansemål
o
Oversikt over feriar/andre gjeremål
·
Sjølve arbeidsdagen
·
Skrive logg i etterkant (korleis opplevde du det første møte m/arbeidsgjevar,
fekk du vist læreplanen din, kva gjorde du, kva kompetansemål kan
arbeidsoppgåvene knytast til)
· bruk bloggen din for å legge ut logg for første praksisdag
